30 July 2026
120. Irsk mytologi. Samtale med keltolog Nicolai Egjar Engesland
Tru og meining i gammal tid
About
Irsk mytologi fortel om huldreland vest i havet, slag mellom gudar og demonar, gudinnetrioar, hamskifte, manipulasjon av tida, halshogging, kjelar som gjev nytt liv og evig middagsmat, og druidar som er deklasserte frå det Cæsar fortel om. Men alt er smelta saman med bibelhistorie og annan kristen litteratur, til pseudohistorie. Arkeologien hjelper oss, med ofringar i brunnar, elvar og vatn.
Innspela i Bergen og Halden 22.6.2026.