
18 June 2026
117. Heiden og kristen etikk i den islandske fristaten. Samtale med norrønfilolog Jon Gunnar Jørgensen
Tru og meining i gammal tid
About
Korleis prøvde ein å førebygge og løyse konfliktar i vikingtida på Island? Det gjaldt eit sett av normer om personleg ære ogfamilieære, alliansar, lojalitet og krav om styrke og handlekraft. Det var ting, lov og rettssaker. Dette kunne fungere, og det kunne føre til tragedie. Med kristendomen kom ein æreskodeks med eit nytt etisk innhald. Her skal vi skissere det gamle systemet og brytinga mellom det gamle og det nye.