
07 May 2026
114. Gammalegyptisk religion. Samtale med religionsvetar Pål Steiner
Tru og meining i gammal tid
About
Gammalegyptisk religion er blant dei eldste vi kjenner. Vi kan følgje han frå nesten 3000 før Kristus til rundt 500 etter. På den tida skjer det store endringar, og ein periode er det faktisk monoteisme. Sola er den viktigaste guden. Dette var før nokon hadde tenkt på coolcation. Men den livgjevande flaumen i Nilen var òg ein viktig guddom, og før verda var det eit urhav, som pyramidane stakk opp av. Sykliske vekslingar stod sentralt, mellom flaum og tørke, dag og natt, liv og død. Målet med døden var å bli ein del av den vekslinga.
Innspela i Bergen 23.04.2026