111. Den tapte gullalderen. Fjellbygdene, jarnvinna og marknader i høgfjellet. Samtale med arkeolog Kjetil Loftsgarden
26 March 2026

111. Den tapte gullalderen. Fjellbygdene, jarnvinna og marknader i høgfjellet. Samtale med arkeolog Kjetil Loftsgarden

Tru og meining i gammal tid

About

Fjellbygdene i Sør-Noreg hadde ein gullalder fram til rundt 1300, der marknader i høgfjellet spela ei stor rolle. Kvifor var det slik, og kvifor tok det slutt? Kva var det slags gull dei hadde der oppe? Kor gjekk vegane opp dit, og mellom aust og vest? Kor høgt kunne folk møtast? Kva skjedde på marknadene, utover handel og slåsting? Og kva fortel folketradisjonane om den tapte gullalderen?


Andre stikkord: Karneval, skeid, Hallingskeid, Nordmansslepa, Hæreid, Røldal, Kykjestølen, Filefjell, gravfelt, myrmalm.