
26 February 2026
109. Baldermyten – sentral og tungforståeleg. Samtale med formidlar Karen Bek-Pedersen
Tru og meining i gammal tid
About
Baldermyten er blant dei mest sentrale i norrøn mytologi. Balder er guden som døyr. Han gjer ikkje så mykje anna. Forskarane har tolka myten i mange retningar. Var Balder Kristus? Var han Odin? Var han sommarvegetasjonen som visnar om hausten? Handlar myten om hemn innan familien? Er det eit innviingsritual? Og kva er poenget med mistelteinen, som Balder blir drepen med? Når vi kjem over på spørsmålet om kva Balder representerer, blir det ein samtale om grunnidear i norrøn mytologi og kva religion grunnleggjande sett er.