Varslaren
10 November 2025

Varslaren

Oikos - framtidspodden

About

Professor i filosofi Arne Johan Vetlesen har vore aktiv i norsk debatt i fleire tiår. Dei siste åra har han vore engasjert i miljøspørsmål, og han er no ute med boka "Living with disappointment in the face of climate crisis: resilience, resistence, and denial". Her beskriv han korleis fornekting vert stadig viktigare i ei verd der klimaendringane vert tydeligare og tydeligare.


Eg sette meg ned med Vetlesen for ein prat om boka, men vi kom bort i så mange emne at dette rett og slett vart to episodar.


I denne første episoden snakkar Vetlesen om plikta til å varsle i lys av fare - anten det er folkemord som han har jobba med før, eller klima- og miljøkriser. Varslaren er ein utsatt posisjon, men ei plikt for den som har kunnskapen. Vi snakkar også om korleis ein skal forholde seg til klimakrisa. Gir det meining med individuell endring av eigen livsstil for å endre ei global krise, eller kan vi lene oss tilbake og vente på at Kina og USA ordnar opp?

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.