Men størst av alt er usikkerheita
01 June 2026

Men størst av alt er usikkerheita

Oikos - framtidspodden

About

Korleis leve livet i ein verden som går av hengslene, og kva kan Afghanistan-veteranar lære oss om usikkerheit? Det spør eg Andreas Espetvedt Nordstrand om. Han er psykologspesialist, førsteamanuensis, kommandørkaptein (og long time klatre- og diskusjonspartner) - og dagens tema er usikkerheit, og å forstå framtida.


Beredskap beredskap beredskap.

Ordet har gått som eit refreng dei siste åra.

Det starta med pandemiberedskap i 2020.

Den var så som så.

Så forsatte det med militær beredskap i 2022 – då Russland invaderte Ukraina.

Den var heller ikkje god.

 

Så har det kome på rekke og rad:

Cyberberedskap, klimaberedskap, beredskapslager.

For ikkje å snakke om energiberedskap – i det Iran strupa verdas forsyning av olje og laga furore på stortinget.

 

Og det i år – 2026, som til alt overmål er totalberedskapsåret.

Og det er ikkje for å feire at beredskapen vår er så god – for å seie det slik.

 

Berre for ti år sidan hadde vi rista på hovudet – no må ein slappe litt av her.

Kva er det eigentlig som har skjedd?

 

Vel, det har skjedd ganske mykje dei siste 10 åra.

Vi skal på ingen måte oppsummere alt – det held med nokon stikkord.

Koronapandemien viste kor sårbare og lite budde samfunna våre er på lammande naturkatastrofar.

Putin sin angrepskrig i Ukraina var eit vendepunkt for Europa.

Og vi må i dag leve med eit aggresivt og potensielt ustabilt Russland.

Trump sitt kleptokrati kan vere starten på slutten for pax americana og det trans-atlantisek samarbeidet.

 

Og i bakgrunnen endrar klimaet seg, som eit stigande tidevatn.

Ei stille bølge som vil endre livsvilkåra for milliardar av menneske.

 

Dette er mykje – men ein ting er sikkert.

Om vi stod her i 2016 og diskuterte korleis verda kom til å vere om 10 år, så trur eg ingen hadde klart å føreseie korleis dette vart.

Og då er vi ved dagens tema.

For om eg skal ta eit steg til sida, til min jobb som lærar

Som skal forklare til 16-åringar korleis verda heng saman.

Så må eg berre seie det som det er: vi veit ikkje korleis verda kjem til å bli

Men ein ting kan eg seie: de er nøydde til å leve med mykje usikkerheit.

 

Men korleis gjer ein det?

Korleis kan vi norskar, som har levd i eit stabilt hjørne av verda omtrent sidan andre verdskrig

Få robustheit, evne og instilling til å tåle ei usikker framtid?

 

Til det har eg fått ein interessant gjest.

Andreas Espetvedt Nordstrand

Han er utdanna psykologspesialist

Og førsteamanuensis ved NTNU

Han er også kommandørkaptein i forsvaret

Der han er sjef for seksjon for militær mental helse.

Men før han vart alt dette, så var eg og han på klatreturar i den norske fjellheimen

Så vi er gamle kjente.

Likevel, eg har ikkje invitert Andreas på kjentfolk-kvota, for han har etter kvart blitt heilt sentral i den norske debatten om mental beredskap og robusthet.

Det vart til slutt rart å IKKJE spør om han ville vere med på podden.

Andreas har jobba i mange år med mental robusthet og beredskap

Først med norske afghanistan-veteranar

Og no med utdanning av personell i det Ukrainske militæret.

Og eit sentralt spørsmål i hans arbeid er korleis ein handterar usikkerheit.


Ord for dagen er om tenking - med bakgrunn i boka "Dumhet, idioti og dumme idioter" av Lars Fr.H. Svendsen. Målsetjing: ikkje vere dum, idiot eller dum idiot - og ellers gjere sitt beste,


Dette er siste podden for våren - eg er tilbake i haust. God sommar!


Foto: forsvaret

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.