Skip to content
Opens in a new window
Eit år med indiepod
21 September 2026

Eit år med indiepod

Oikos - framtidspodden

About

Dagens gjest måtte utsetje opptaket. Så denne veka byr podkasten på eit aldri så lite kvileskjær.


Det kunne jo vere fint å ta ei lita oppsummering, lufte nokon tankar etter eit år med indiepodkasting. 


Kvifor skal ein eigentlig drive å surre med å lage podkast?

Nummer en er at eg stadig møter dykk som seier at dette er viktig. 

Eg har ikkje mange lyttarar, sånn relativt sett. 

Men generelt sett så samlast mellom 60 og 200 personar kvar veke for å lytte på lange samtalar om kompliserte problemstillingar innan klima, natur og framtida. 

Det er rett og slett innmari artig, 

Og veldig fint. 

Då gjer det ikkje så mykje for meg at også andre lagar podkastar 

For eg håper jo at vi her har ein innfallsvinkel, ei stemme, som kan vere interessant.


Og då kjem ein jo også inn på ein grunn til for å gjere dette

Fordi eg meiner det er avgjerande for samfunnsendring og politikkutforming at ein har stadar å diskutere, argumentere, lufte tankar og perspektiv. 

Og som samfunnsengasjert og naturengasjert så var det faktisk ein del diskusjonar eg tykte mangla i offentligheita. 

Medan ein del andre aktørar hadde vore mykje bedre til å skape arenaer og kanalar for debatt og politisk utvikling.


Kort sagt så vart eg overraska over kor mykje det vart snakka i ulike valørar

Både på borgerlig side har vi Minerva og Civita, prosjekt som eg er politisk ueinig i men som eg eigentlig har stor sans for ettersom dei diskuterar og utviklar politikk og analyse på ein måte eg tenker er veldig fin.

Lenger til høgre har vi høgrepoddarar og mannosfære. Dei også utmalar politikk og samfunnssyn - på ein meir tvilsom, men effektiv, måte.

Eg må berre ta til etterretning at mange på borgarleg side - og lenger til høgre, har lukkast med politikkutvikling i den nye offentligheita.

Og for meg er lærdommen at om ein er ueinig i det som vert diskutert der, ueinig i analyser, holdningar, verdiar, ja då må ein gjere jobben sjølv.

Saknar ein noko der ute så kan ein i dag faktisk gjere noko for å få det ut. 

Eg saknar bedre samtalar om miljø og framtida.

Så dette er mitt beskjedne bidrag til det.


Når det gjeld sosiale medier så er det den tunge delen av jobben. 

Det er heilt klart kjedeligare å lage postar på sosiale medier enn å snakke med spennande folk.

Men eg klagar ikkje altså - det er jo tross alt ein smæshing infokanal. 

Likevel då folkens - lik og del som det heiter. 

Er det tema på podden som engasjerer dykk så spre ordet. 

Og er det gjestar og tema de kunne ønske at eg tok opp så sei ifrå.

Vi har allerede fått fleire innspel som har resultert i episodar - også gjestar og tema som eg ikkje hadde klart å tenke ut sjølv.


Så håpar eg at podden lever vidare! 

Minst ut 2026, og forhåpentligvis lenger!


Neste veke er vi tilbake med GJEST!

Vi satsar på to episodar til i løpet av september/oktober

Før ei pause til neste bolk i november/desember

Her har det allerede byrja å fylle seg opp, så om de har innspel så hiv dykk rundt!


Thankyou for your attention on this matter 

Som det heiter i junaiten.

Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.