
Miljøkrisa er fundamental, og krevjer fundamentale løysingar, seier professor i etikk Odin Lysaker. Djupøkologien er eit svar på dette. Alt liv som påverkst av miljøkrisa må rommast i demokratiet.
Vi har tidligare vore innom temaet miljø og demokrati her i podden.
Er demokratiet i stand til å løyse våre felles miljøproblem?
Er det tvert imot eit hinder for å løyse miljøproblema?
Eller er demokratiet sjølve nøkkelen til å løyse miljøproblema, gitt at ein tenker nytt om kva demokrati skal bety?
Dette er nokon av tema i det som vert kalla djupøkoloigien
Ei filosofisk retning som mellom anna har vorte utvikla i norge
Mange kjenneer til Arne Næss
Men også mange andre navn som til dømes Nils Faarlund var involvert
Ein som i dag jobbar med desse spørsmåla
nett det å tenke nytt om demokrati og natur
er filosof og professor i etikk ved Universitetet i Agder, Odin Lysaker.
I 2024 kom han med boka «Ecological democracy – caring for the earth in the antropocene»
Og det er han som er dagens gjest.
Her snakkar vi om kva djupøkologi er, og den djupøkologiske tradisjonen.
Kvifor vi treng djupøkologi, og kva den er eit svar på.
Korleis det kjem frå djupøkologien at også den delen av naturen som er ikkje-menneskelig må ha representasjon i demokratia våre
og vi diskuteraste korleis dette kan sjå ut i praksis.
I "Ord for dagen" tenker eg vidare på samtalen, og korleis løysingane på miljøproblema delast opp mellom grøn vekst og vekstkritikk. Ein gammal klassikar dukkar opp frå fortida - Thomas Malthus. Kvifor er han relevant i dag?
Foto: Lars Verket - UiA
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.