Vi snakkar om den nye boka "Brefallet", kva vi mister med ein natur i endring, inspirasjonen frå vennen Thomas Hylland Eriksen, og forskaren sin plass i det postfaktuelle samfunnet
Dag O. Hessen har løfta fram tilhøyrigheit, identitet og kultur for å vise korleis ein natur i endring også endrar oss. Resultatet har blitt ein naturfilsofi der både natur og kultur er med. I denne samtalen snakkar vi om naturtrilogien hans, den siste boka "Brefallet", og inspirasjonen frå venn og kollega Thomas Hylland Eriksen. Og vi diskuterer: er det riktig av forskarar å delta i samfunnsdebatten, forstår menigmann forsking tilstrekkelig, og kvar bør grensene gå for kva akademikarar uttalar seg om?
Dag O. Hessen har vore den desidert ledande til å få biologi inn i den offentlige debatten i fleire tiår. Mellom anna gjennom ein heil stabel av toneangivande bøker - alt frå lærebøker, barnebøker og biografiar, fagorienterte populærvitskaplige bøker, til bøker som grensar mot filosofi og antropologi.
Han dukkar også stadig opp i formidling, TV, radio og podkastar av ymse slag. I tillegg til dette har han også fast jobb - som professor i biologi på Universitetet i Oslo, som ledar på senter for biogeokjemi ved Institutt for biovitenskap
No er han ute med ny bok - den tredje i ein trilogi som tematiserer naturendringane ikring oss og kva dei gjer med oss - i spennet mellom natur og kultur.
Den heiter “Brefallet”, og utforskar vårt forhold til dei mektige isbreane våre, og kva det har å seie for oss når desse no er i rask tilbakegang.
Dagens gjest er professsor Dag O. Hessen
Vi skal snakke om den nye boka hans, om naturtrilogien som prosjekt, om kvifor han vel å gå vekk frå det reint faglige, og drage inn menneska si lokale tilknytning i bøkene sine. Og vi skal snakke om rollen som forskar og biolog i offentligheita. Er det riktig av fagfolk å kaste seg inn i brennbare politiske diskusjonar som dei vi har om klimaendringar og naturtap. Eller bør dei holde seg på instituttet sitt og berre informere når dei blir spurt?
I ord for dagen hadde eg tenkt å reflektere litt over FrP sin nye klimastrategi. Men i anledning Konge Harald V sin død vart det eit minneord i staden. Eg lar meg tross alt lett engasjere.
Foto: © Foto: Anna-Julia Granberg BLUNDERBUSS
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.